Framsida
M E N Y
Kontakt oss
Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES
breiband@bkk.no
Kundesenter:
Tysnes 53430078 Haugesund 98705270
kl 08-20laurdag 10-14
Lenker

Fem nye år med Altibox

Tysnes Breiband har forlenga Altibox-avtalen til 2021.
 

Forlenga Altibox-avtalen med fem nye år

 
Tysnes Breiband AS og Tysnes Kraftlag SA har forlenga avtalen med Haugaland Kraft Fiber AS om levering av breibandstenestene internett, tv og telefoni ut 2020. Partane ser fram til å fortsetta med det gode samarbeidet.«Det er gledelig at me har signert avtale om vidare samarbeid for å levera Altibox på Tysnes. Samarbeidet fungerer som det skal og me er med i eit solid partnarskap for breiband», seier Ingrid H Haaland, dagleg leiar i Tysnes Breiband. 
 
Tysnes Breiband har hatt ei fantastisk utvikling frå selskapet vart etablert då Tysnes Kraftlag starta med fiberutbygging i 2005. Ein såg for seg maksimalt 1 000 fiberkundar på Tysnes fram mot 2020, men dette vart passert i 2012 og det er no over 1300 fiberkundar. Og fleire nye kjem stadig til. 
 
Altibox har dei siste seks åra hatt dei mest nøgde breibandskundane i landet, og blant alle Altibox-partnarane er det Tysnes Breiband og dei andre Haugalandspartnarane som scorar best på alle kundemålingar.
 
«At me valde å byggja fibernett har vore ei lukke både for Tysnes Kraftlag og for Tysnessamfunnet, og Altibox-satsinga har vore ei suksesshistorie», seier Lars Enes, elverksjef i Tysnes Kraftlag.
 
Haugaland Kraft Fiber er Altibox-partnar, og totalt har dette partnarskapet over 400 000 kundar i heile landet. Tysnes Breiband er medpartnar av Haugaland Kraft Fiber saman med sju andre leverandørar mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden.  Haugaland Kraft Fiber bidrar i tillegg til leveranse av fibertenester også med kundeservice og teknisk kompetanse for medpartnarane.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Jan Håland direktør i Haugaland Kraft Fiber, Ingrid H Haaland Tysnes Breiband og Lars Enes Tysnes Kraftlag.
 
 
  Tilbake

 
Driftsmeldingar
01.11.2015
Husk å kopla frå straumnettet når det lynar!
Vi oppmodar om å kopla fibersentral og tv-dekodar frå straumnettet når det er lyn og torden!.Også ustabilt straumnett kan medføra feil på breibandsutstyr, så dra gjerne ut kontakten viss lyset blinkar.
15.06.2012
Omstart hjelper ved telefonifeil
Eldre nyhende
05.11.2018
Altibox-partnarane har dei mest nøgde tv- og breibandskundane!
Altibox-partnarskapet gjer eit byks i nasjonale målingar, og har igjen dei mest nøgde tv-kundane i Norge. For niande år på rad har fiberfamilien også dei mest tilfredse internettkundane
26.09.2018
Tysnes Breiband = BKK Breiband
BKK kjøpte Tysnes Breiband AS i sommar og som følgje av dette har selskapet no skifta namn til BKK Breiband AS.
01.03.2018
ALtibox TV på ein heilt ny måte
•Start program frå begynnelsen •Programarkiv•Søk og anbefalingar •Filmar og Seriar •Altibox-app 

•Inntil 500 timar opptak •Sjå tv-innhald offline •Val av underhaldningspakkar som HBO Nordic
16.02.2018
OL utan pristillegg
Med Altibox TV frå Tysnes Breiband går du ikkje glipp av ein einaste norsk OL-medalje
Samarbeidspartnere
Altibox
BKK
Haugaland Kraft
Dynamiske websider: iDrift AS