Framsida
M E N Y
Kontakt oss
Hos Tysnes Kraftlag
Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES
firmapost@tysnes-breiband.no
Kundesenter:
Tysnes 53430078 Haugesund 98705270
kl 08-20laurdag 10-14
Lenker

OL utan pristillegg

Klikk på bilete for full storleik
 
Med Altibox TV frå Tysnes Breiband går du ikkje glipp av ein einaste norsk OL-medalje
 
Sidan slutten av 60-talet har dei Olympiske Leikane vore milesteinar for marknadsføring av TV-apparat. Med åra har det også vorte ein stadig tøffare kamp om TV-sjåarane. Ein ny aktør har sikra seg TV-rettane til OL-sendingane og satsar tungt på sin eigen distribusjonsmodell. Medan hovudsendingane vert vist direkte i ein open TV-kanal, vert dei alternative sendingane vist i tilleggskanalar.
 
For mange vil det sei at dei må ha ein app dersom dei ynskjer å sjå konkurransar som ikkje vert sendt på hovudkanalen TV Norge.
 
Fri tilgang under heile OL
Men nokon er heldigare enn andre. TV-kundar hos Tysnes Breiband kan enkelt og greitt følgja alle OL-sendingane frå godstolen heime i stova. Altibox har nemlig bestemt at alle med basisabonnement på Altibox TV får tilgang til samtlege Eurosport-kanalar utan tillegg i pris. Du treng ikkje ein gong å velja vekk andre kanalar for å få tilgang til innhaldet, og avgjer sjølv kva for skjermar du vil sjå sendingane på.
 
Enkelt og valfritt
– For oss er det viktig å gi kundane det dei vil ha når dei vil ha det. Difor er det ei gleda for oss å kunna tilby alle våre sjåarar med basispakke fri tilgang til alle Eurosport-kanalane under OL. Store sportshendingar føl du best som direktesendingar på den store TV-en, og med TV-tenester frå Altibox er du i tillegg garantert gode TV-bilde, seier Thomas Skjelbred, administrerande direktør i Altibox.
 
Viktig også for Tysnes Breiband
– Me har merka noko pågang frå kundar som ønskjer å følgja OL på stor skjerm. Mange trur at du må ha en app om du vil sjå OL-øvingane som ikkje vert vist på TV Norge, men slik er det altså ikkje. Med fiber frå Tysnes Breiband har du tilgang til Altibox TV og du kan då velja om du vil følgje OL på stor skjerm eller via Altibox-appen, seier Ingrid Haaland i Tysnes Breiband.
 
Kraftig vekst for Altibox TV via app
Sjølv om du no kan følgja alle OL-øvingane på stor skjerm kan det av og til vera greitt med fleire alternativ. Tal viser at bruken av Altibox-appane auka kraftig med det same OL starta. På enkelte plattformar hadde trafikken nesten dobla seg allereie før Hegstad Krüger tok det første OL-gullet for Norge i PyeongChang.
– Tal viser at kundane våre veit å nytta den valfridomen me tilbyr, og at vår distribusjonsmodell i høgste grad er relevant også i den nye mediekvardagen, seier Thomas Skjelbred.
 
 
 
  Tilbake

 
Driftsmeldingar
01.11.2015
Husk å kopla frå straumnettet når det lynar!
Vi oppmodar om å kopla fibersentral og tv-dekodar frå straumnettet når det er lyn og torden!.Også ustabilt straumnett kan medføra feil på breibandsutstyr, så dra gjerne ut kontakten viss lyset blinkar.
15.06.2012
Omstart hjelper ved telefonifeil
Eldre nyhende
01.03.2018
ALtibox TV på ein heilt ny måte
•Start program frå begynnelsen •Programarkiv•Søk og anbefalingar •Filmar og Seriar •Altibox-app 

•Inntil 500 timar opptak •Sjå tv-innhald offline •Val av underhaldningspakkar som HBO Nordic
16.02.2018
OL utan pristillegg
Med Altibox TV frå Tysnes Breiband går du ikkje glipp av ein einaste norsk OL-medalje
26.04.2017
SommarTrimTysnes 1. mai – 31. august 2017
Turmål i appen Trimpoeng for alle som likar litt sommartrim!
27.02.2017
Endring for hyttekundar
Fiberbreiband 10/10 Mbit/sek vert oppgradert til 40/40
Samarbeidspartnere
Altibox
Haugaland Kraft
Tysnes Kraftlag
Dynamiske websider: iDrift AS