Framsida
M E N Y
Kontakt oss
Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES
firmapost@tysnes-breiband.no
Kundesenter:
Tysnes 53430078 Haugesund 98705270
kl 08-20laurdag 10-14
Lenker

Altibox-partnarane har dei mest nøgde tv- og breibandskundane!

Altibox-partnarskapet gjer eit byks i nasjonale målingar, og har igjen dei mest nøgde tv-kundane i Norge. For niande år på rad har fiberfamilien også dei mest tilfredse internettkundane
 
- Som Altibox-leverandør på Tysnes gler vi oss over resultata, og takkar for tilliten hos kundane våre, -seier dagleg leiar Ingrid Haaland hos BKK Breiband (tidlegare Tysnes Breiband) 
 
- Altibox har lukkast godt med å vidareutvikla tv-løysinga si i løpet av det siste året, og tilbyr no den mest populære tenesta. Stabilitet og brukarvenlegheit er god, og poengsummen på 70 er blant dei beste som er målt innan tv-distribusjon, seier dagleg leiar Fredrik Høst i EPSI Rating Norge. 
 
2400 nordmenn har svara på spørsmål i undersøkinga om breiband og tv i privat- og bedriftsmarknaden til det uavhengige analysebyrået EPSI Norge. Altibox leverer tenester til BKK Breiband og ei rekke andre lokale leverandørar som blir målt av kundane i denne undersøkinga. I år gav Altibox-kundane ein score på 70 poeng på tv, 67,9 poeng på breiband og 73,1 poeng på breiband i bedriftsmarknaden – og sende dermed partnarskapet til topps i samtlege kategoriar. 
 
Tar tilbake tv-trona

- Altibox-partnarane har hatt dei mest tilfredse breibandskundane ni år på rad, og det er ein ganske unik prestasjon. Sjølv om poengscore går noko ned, er det framleis Altibox-kundane som er aller mest nøgde med breibandsleveransane sine, seier Høst. Altibox gjer eit byks på 3,5 poeng i tv-kategorien samanlikna med i 2017, og endar opp heilt på topp framfor RiksTV og Canal Digital Satellitt. Gjennomsnittleg poengscore på kundetilfredsheit for tv-tilbydarane er 65,1, medan Altibox får 70 poeng. 
 
- Det er svært gledeleg at vi får så tydeleg og positiv respons frå tv-kundane. Altibox har jobba hardt med å utvikle tv-opplevinga frå «gammeldags tv» med faste sendetider og faste kanalar til ei underhaldningsoppleving som verkeleg let kunden bli sjefen over innhaldet, seier Toril Nag, styreleiar i Altibox. 
 
- Den nye tv-løysinga gjer at ein ikkje treng å passa klokka for å sjå favorittprogramma, men kan henta det fram når det passar best å setja seg i godstolen. Mange er glade for den direkte snarvegen til NRK sitt rike programarkiv, og at det nesten ikkje er grenser for kor mykje ein har tilgang til av lagringsplass, program og seriar. Vi har no ekstra stort lager med tv-dekorarar slik at kundane kan henta etter kvart som dei ynskjer oppgradering, fortel Ingrid Haaland hos BKK Breiband.
 
På topp også innan breiband og bedrift 
Også blant norske breibandsleverandørar er Altibox-partnarane framleis heilt på topp, med Telenor og Canal Digital på plassane under. Altibox får ein poengscore på 67,9, som er 3,1 poeng høgare enn gjennomsnittet. - Vi er overvelda og takknemlege for tilliten. Ideelt sett skulle vi gjerne behalde det solide forspranget vi har hatt innan kundetilfredsheit på breiband, så dette er ei viktig påminning om at vi må stå på kvar einaste dag for å kunne levera den beste kundeservicen og dei aller beste tv- og breibandsopplevingane, seier administrerande direktør Thomas Skjelbred i Altibox. 
 
- På Tysnes har vi lenge hatt fiber i alle bygder, og vi har god kontakt med kundane våre. Vi koplar til nye fiberlinjer kvar veke og har installert hos 85 nye abonnentar i år. Til saman er det 1570 Altibox-kundar i kommunen, seier Ingrid Haaland.
 
Også innan breiband levert til bedriftskundar er det Altibox-partnerane som har aller høgast kundetilfredsheit. Gjennomsnittet er 68,3 poeng, medan Altibox går opp 1,2 poeng frå 2017 og får ein score på 73,1. 
«Øvrige bredbåndsleverandører» og Broadnet endar på plassane bak. 
 
EPSI, kundetilfredsheit breiband privatmarknaden 2018: 
 
1. Altibox: 67,9 
2. Telenor: 66,7 
3. Canal Digital: 65,3 
4. Øvrige leverandører: 61,4 
5. Get: 61,1 
Bransjesnitt: 64,8 
 
EPSI, kundetilfredsheit digital-tv privatmarknaden 2018: 
 
1. Altibox: 70,0 
2. RiksTV: 66,7 
3. Canal Digital Satellitt: 65,4 
4. Canal Digital Kabel: 64,0 
5. Viasat: 63,6 
6. Get: 62,1 
Bransjesnitt: 65,1 
 
EPSI, kundetilfredsheit breidband bedriftsmarknaden 2018: 
 
1. Altibox: 73,1 
2. Øvrige bredbåndsaktører: 70,7 
3. Broadnet: 69,4 
4. Telenor: 65,5 
Bransjesnitt: 68,3
 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 
Driftsmeldingar
01.11.2015
Husk å kopla frå straumnettet når det lynar!
Vi oppmodar om å kopla fibersentral og tv-dekodar frå straumnettet når det er lyn og torden!.Også ustabilt straumnett kan medføra feil på breibandsutstyr, så dra gjerne ut kontakten viss lyset blinkar.
15.06.2012
Omstart hjelper ved telefonifeil
Siste nyhende
05.11.2018
Altibox-partnarane har dei mest nøgde tv- og breibandskundane!
Altibox-partnarskapet gjer eit byks i nasjonale målingar, og har igjen dei mest nøgde tv-kundane i Norge. For niande år på rad har fiberfamilien også dei mest tilfredse internettkundane
26.09.2018
Tysnes Breiband = BKK Breiband
BKK kjøpte Tysnes Breiband AS i sommar og som følgje av dette har selskapet no skifta namn til BKK Breiband AS.
01.03.2018
ALtibox TV på ein heilt ny måte
•Start program frå begynnelsen •Programarkiv•Søk og anbefalingar •Filmar og Seriar •Altibox-app 

•Inntil 500 timar opptak •Sjå tv-innhald offline •Val av underhaldningspakkar som HBO Nordic
16.02.2018
OL utan pristillegg
Med Altibox TV frå Tysnes Breiband går du ikkje glipp av ein einaste norsk OL-medalje
Samarbeidspartnere
Altibox
BKK
Haugaland Kraft
Dynamiske websider: iDrift AS